LiveMusikkQuiz
Her kan du få meir info om HIT DUO sin populære LiveMusikkQuiz !
Live musikk-kviss med sognabandet HitDuo, er eit litt anna konsept enn både musikk-kviss og allmenn-kviss. Konseptet går ut på at HitDuo speler eit utval låtar live, for deretter å stille deltakarane spørsmål knytt til musikken som vert spelt. Det vil då vere spørsmål knytt til både låt-tittel og artist, men det kan òg vere spørsmål av ein meir allmenn-kviss-karakter, men likevel er spørsmåla på ein eller annan måte knytt til låta som vert spelt.
Eksempel: Me spelar ei låt av bandet Staut. Her kan det koma spørsmål om kva låta heiter og det kan koma spørsmål knytt til Valdres, med tanke på at bandet Staut kjem frå Valdres.
Live musikk-kviss med HitDuo er ein slags hybrid mellom musikk-kviss og
allmenn-kviss.
Sidan me spelar live, vil denne kvissen også mest truleg (og som oftast
etter vår erfaring) skape stemning og allsong undervegs i kvissen. Me spelar
nokre songar i omlag 45 sekund, og andre kan me spele heile låta. (Dette er
noko me ser ann med tanke på stemning og klientellet.)
Me tenker oss kvissen i to deler med ein rettepause mellom og ein
rettepause til slutt. Kvar del vil då omlag ta 45-60 min. Totalt tid med
retting vil vere omlag 2,5-3 timer.
I vårt tilbod inkluderer det alt av lyd/lys, samt me stiller med eigen
kvissmaster og svar-ark til deltakarane. Pennar kan me ordne etter forespørsel
frå dykk, og vil då vere inkludert i prisen.

