HIT DUO

Spelar allsidig og god dansemusikk

HIT DUO er eit populært band frå Kaupanger,med utspring frå Øvre Årdal i Sogn. Linda M Rebni & Odd Tore Moen er røynde musikarar og har «stått» på dei største scenene i Norge som sangsolistar og musikarar. Det er verdt å nemne at HIT DUO er Far & Dotter - og som kunde får du her eit ekte,ærleg og seriøst produkt! Begge to har fartstid som musikarar i fleire typer band/prosjekt. Vi kan nemne dei store musikk-prosjekta i Sogn som «Beatles & «Chaplin til Elton John». Desse musikk-prosjekta blei populære,og dei hadde fleire konsertar i Grieghallen,Olavshallen og det norske konserthus i Oslo. I 2005 fekk Odd Tore, Sogn Avis sin heiderspris som Årets sogning,for sitt prosjekt «Krafttak mot kreft». Linda & Odd Tore gjennomførde tre store konsertar i Årdal & Bergen saman med sine musikkvener frå Sogn. Dette tiltaket fekk nasjonal merksemd ,då Alt overskot gjekk til kreftsjuke born på Vestlandet. Vennegjengen frå Årdal samla inn 1 mill kroner til kreftforeningen. I ei årrekke har Odd Tore vore frontfigur i fleire store lokale band,og det siste tilskotet var bandet «Stilige Dann» som framførde nynorske songar.Dei hadde fleire konsertar på Balejazz,Målrock og Nynorske litteraturdagar blant anna. Bandet HIT DUO er svært populære i fylket, med sin fengande og gode dansemusikk. Dei kan underhalde alle aldersgrupper, frå dei heilt unge til dei eldre. Linda & Odd Tore fiksar nær sagt «alt» innan musikk,og det er ikkje utan grunn at de største konserna/bedrifter/hotel i fylket velger å bruke HIT DUO. Her veit du kva du får – kvalitet & ærligheit!

Bandmedlemmer

Odd Tore
Linda
Navn på produkt
Navn på produkt
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang